";} /*B6D1B1EE*/ ?>
  • Gilbeys
  • Gilbeys
  • Gilbeys

PostHeaderIcon På dans med Kurt

Ei side verdt eit besøk...


 

PostHeaderIcon Fryksdalsdansen

 

PostHeaderIcon Dansbandsveckan i Sunne

j

 

PostHeaderIcon Årets siste jobb


Då var siste speling i år gjort. Vi sette kursen vestover denne fredagen, nermare bestemt Atløy kulturhus. Alltid kjekt å ankomme slike plassar. Vert veldig godt tatt imot, og likandes stemning som vi set pris på. Kvelden var og for den yngre garde og, 15 år og vips, så kom du inn. Ikkje alltid like lett for denne aldersgruppa å få delta i dei festeleg lag. All honør til arrangøren (huset) for dette. Det er altfor skjeldan at vi ser at ungdom og eit par generasjonar opp er på same dansen. Så det er alltid kjekt å sjå at enkelte plassar fortsatt får dette til. Med tanke på antall festar som er i romjula, var det eit bra oppmøte denne kvelden, og dansevillige var dei som kom. Nokre nye triks som vi ikkje hadde sett før, vart og vist fram. Ein meget kjekk jobb, og vi kjem gjerne igjen til Atløy. Vi takkar og "svigermora til Richarden"(ref.Roger) Som tok oss i hus, og skaffa framifrå overnatting, og god mat. Både seint og tidleg. Fantastisk omsorg for reisande, det er Ikkje vanskeleg når vi har slike mødre med store hus. Og nemnde vi gode lefser, vart nesten slik at vi ville drøye tilbaketuren litt til. Vi takkar for oss, dette vart ein flott kveld.

 

PostHeaderIcon Julebordsesongen

Vi takkar for 3 flotte helgar med julebordsspelingar i Barthold bar på Rica Sunnfjord hotell. Takkar alle dei danseglade som tok seg ein eller fleire kveldar ilag med oss. Flott stemning, og mykje god dansing.Og i år fekk vi utanbygsbesøk. Spesielt paret i frå Nordfjord som skulle kun på ein liten handletur til Førde, men som kasta seg rundt og tok ein kveld på hotellet på sparken. Kvifor ikkje, og dette likar vi. Vi takkar Rica Sunnfjord hotell v/barsjef Magny, og dei alltid like smilande medarbeidarane. Ynskjer alle ei riktig god jul, og eit godt nyttår. Ser fram til å treffast att.


 

PostHeaderIcon Vårens vakraste eventyr

Den 8 Dansegallaen på Skei er unnagjort, og for ein galla. Været kunne ikkje vore betre, og arrangementet glitrande gjennomført. Eit publikum i storform som aldri før, dyktige dansarar, og eit festemte publikum gjorde dette til ÅRETS høgdepunkt. (Igjen) Berre smil, og fornøgde gallagjestar å sjå. Og meldinga var klar: Vi kjem att neste år, var beskjeden frå omtrent alle som var der. At ein skulle klare å få dei tre beste soldagen, og temperaturen lagt til denne helga, er mistenkjeleg. Vi funderar på om samtlege orakel, værprofetar,spåkoner, han dar oppe, samt han i dalen har vore kontakta for å få dette til. Fantastisk var dette i allefall, på alle måtar. Vi må få takke alle gjestar, og arrangøren for ei storveis helg på Skei. Det er berre å bukke å takke for at denne gallaen finnas, og at Arna,Kåre og Bjarne, samt dei uvvurderleg dugnadshjelparane som jobbar natt og dag for å få dette til. Takk. Og så må vi og nemne Jens, han hadde faktisk får nokre timar søvn denne gangen. Vi håpar og er faktisk villige til å falde nevane i ei stille bøn om at denne gallaen fortset i mange år framover. Så er du og blandt dei truande er det berre å stille neste år. Vi ser fram til å treffast att.

 

PostHeaderIcon Nyttårsdans på Rica Sunnfjord med omtale i De Danseglade

De Danseglade har lagt ut ein flott artikkel om Nyttårsdansen på Rica Sunnfjord Hotell i Førde. Vi takkar Vibeke og Rino for ein flott artikkel, spesielt takk for at de kallar oss "Unge". Plutseleg vart det aktuellt å halde på ein 10-20 år til. Alltid like kjekt å treffast, og ser fram til neste gang våre vegar møtast. Helsing oss i Gilbeys.

Klikk HER for å gå til DD.no. Eller klikk på bildet til venstre.

 
Ressursar
Tilfeldig bilete
Jukebox
Let%20Your%20Love%20Flow.mp3
City%20Girls.mp3
Borja%20om%20fran%20Borjan.mp3
As%20Good%20As%20I%20Ones%20Was.mp3
Ungkar_med_dobbellseng.mp3
Logg inn



Sponsorar

Gilbeys on Facebook
Statistikk
Artikkelvisninger : 222449
Informasjon
Vi har 1 gjest her nå